Hopp til hovedinnhold
Plakat for Peter Pan (1953)

Peter Pan

Film
4

I likskap med Cinderella som er Disney sin versjon av Askepott, så er klassikaren Peter Pan frå 1953 ein film eg har hatt tilgode å sjå fram til byrjinga av 2021. I forkant av å sjå filmen hadde eg sett tre Peter Pan-filmar, inkludert oppfølgaren Return to Never Land, men aldri dette som er Disneys utgangspunkt for seinare bruk av den grønkledde karakteren.

I Peter Pan blir tre London-baserte born med Peter Pan til drøymeland. Der jaktar ein pirat, kaptein Krok, på guten. Borna møter også indianarar, og har elles ei fantastisk eventyrleg stund i lag der. Dette er i korte trekk handlinga i filmen. Det eg ikkje klarar å fange skriftleg her er stemninga og den eventyrlege måten historia blir fortalt på. Her er nivået høgt på god forteljing, animasjon og detaljformidlinga i forteljinga. Det er ganske så godt utført og fantasifullt.

Michael J. Carlisle på The Good, The Bad and The Critic (goodbadcritic.blogspot.com) rosar også dei levande figurane og samspelet mellom fargar og stemningsfulle bakgrunnar. Han meiner dessutan kaptein Krok har meir utstråling enn Peter Pan sjølv. Det er eit fint tillegg til gleda mi over formidlinga. Eit kjent eventyr kan framleis kjennast friskt når dei små detaljane og karakterane får så mykje liv.

Eg har i grunn ikkje all verden å seie om denne filmen. Det var ein festleg film som eg sette stor pris på å sjå. Det var ingen overrasking undervegs, men sjølve formildinga som filmen var, var heilt ny for meg å sjå i heilskap. Utover dette vil eg berre anbefale filmane vidare.