Pete's Christmas er den andre Groundhog Day-aktige filmen eg har sett i løpet av den siste tida. Med det refererer eg til klassikaren om ein dag som blir gjentatt gong på gong for hovudpersonen i filmen. I Pete's Christmas er det ein 14-åring som blir velsigna eller forbanna med denne skjebnen. Og han må gjere dagen til den beste for å komme seg vidare.
Denne tv-filmen frå Hallmark var ei positiv overrasking. For det første har filmen ein fin flyt, og gjer mykje godt ut av å variere innfallsvinkelen på den same dagen som går igjen. Ikkje alt har sin pottetette logikk, men sett forbi dette så fungerer det. Og utan å sjå Zachary Gordon som hovudpersonen under lupa for nøye, så er skodespelarensemblet et godt eit, med Bruce Dern som han som gjer mest og det beste ut av seg. Mine forventingar var i utgangspunktet låge på dette område.
Og når det kjem til julestemning, eit punkt eg har vore lite innom under vurderingane av julefilmane i år, så leverer Pete's Christmas litt her også. Det er vanskeleg å sette fingeren på kva det er, men eg trur den stadige gjentakinga av 1. juledag og dermed innprenting av tradisjonane til familien til Pete, var utslagsgivande.
I det store og heile er ikkje Pete's Christmas ein film som utmerkar seg. Men blant julefilm laga for tv, og sin måte å spinne rundt gjentaking av dag-tematikken, så er det kurant.