
Phantasm
Phantasm har dukka opp på radaren min fleire gonger. Eit særmerkt namn og fleire oppfølgarar gjorde meg nysgjerrig. Blandinga av skrekk og science fiction verka også interessant nok til at eg ville sjå kvar dette begynte.
Ein gut ser at gravferdsagenten ved den lokale kyrkjegarden gjer noko merkeleg med ei kiste. Han begynner å undersøke staden og oppdagar at faren ikkje er av det vanlege slaget. Etter kvart blir fleire dratt inn i det som skjer.
Gator MacReady meiner på Eye For Film (eyeforfilm.co.uk) at filmen aldri går heilt opp, same kor mykje du prøver å få bitane til å passe. Samtidig rosar han kor ulik filmen er den vanlege skrekkoppskrifta. Det er eit godt døme på at særpreget både kan vere styrken og det som gjer historia vanskeleg å gripe.
Eg får omtrent det eg venta. Dette er ein film med sitt eige uttrykk, utan at strukturen blir så fjern at eg mistar interessa. Eg likar han, men det blir ikkje hurra meg rundt og hopp i taket. Nysgjerrigheita blei likevel passe godt lønt.
