
Phenomena
Ein ung jente (Jennifer Connelly) skal byrje ved ein sveitsisk internatskule. Samstundes som ho kjem dit skjer det fleire grufulle mord i området.
Jenta har ei emne til å kommunisere med innsekt. Insekta viser seg å bli sentrale i filmen. Ein lokal professor (Donald Pleasence) er ekspert på insekt og blir vesentleg.
Filmen er ein del av den italienske Giallo-tradisjonen. Dei er kjend for fargerik estetikk og sjokkerande bilete. Dario Argento er ei lengde innan sjangeren, og er regissøren her. Han har auge for det visuelle og er god på å lage intense og levande horror. Musikken er topp, og mykje av det er frå Goblin.
Phenomena er både god og interessant, men i blant litt vel saktegåande. Utan at det er så mykje stemning å hente på det grepet. Likevel er forteljina i botn god, filmen ser bra ut, og har eit konsept som gjer han til ei god oppleving.
Kevin Lyons tek det merkelege konseptet endå lenger på The EOFFTV Review (eofftvreview.wordpress.com). Han meiner filmen fungerer som ei forvrengd eventyrverd, der du ikkje bør krevje vanleg realisme av handlinga. Historia er etter hans syn absurd, men den sære blandinga og dei vakre bileta gjer henne vanskeleg å mislike. Eg synest òg konseptet gir filmen mykje, sjølv om denne lesinga ikkje heilt fjernar kjensla av at nokre parti går for sakte.
