
Picnic at Hanging Rock
Eg hadde høyrt at Picnic at Hanging Rock frå 1975 var noko utanom det vanlege. Og det stemmer overreins med inntrykket eg fekk av at dette var nesten som ein slags skrekkfilm. Berre veldig nedtona i mystikk og ukjente årsaker.
Filmen er regissert av Peter Weir. Handlinga tek til i eller rundt 1900, når ei gruppe jenter frå ein australsk internatskule forsvinn under ein piknik ved Hanging Rock på valentinsdagen. Ein lærar forsvinn også. Det blir aldri forklart kva som skjedde.
Det er ein film med ei spesiell stemning. Sjefsdama på skulen er streng, men gir jentene lov til å dra på piknik. Alt ser lyst og hyggeleg ut. Men ein anar samstundes at noko var er emning. Det er som om filmen heile tida held noko tilbake. Jentene går rundt i dei kvite kjolane, musikken er behageleg, men likevel er det ei uro.
Uroa får ekstra kraft av at filmen ikkje gir oss noko trygt svar. m00ch’s m00vies (m00ch.wordpress.com) meiner dei tvetydige bileta og den særprega musikken gjer forteljinga både framand og vakker. Skribenten legg fram fleire tolkingar, men understrekar at ingen av dei er endelege. Det er denne opninga mot det ukjende som fungerer for meg, meir enn eit mysterium eg treng å få løyst.
Sjølv etter ting hadde byrja å skje så venta eg på det som skulle skje vidare. Ei av jentene spring skrikande ned frå fjellet. Kvifor lurer eg. Filmen gir ingen svar. Dei som forsvinn blir aldri funne. Dette er forhistorie som me blir kjent med tidleg, så ingen avsløring frå meg.
Eg likte filmen. Han forklarer ingenting, men etterlèt seg eit inntrykk. Det er ikkje skrekkfilm med blod eller frykt, men av det ukjende.
