
Pingu at the Wedding Party
I Pingu at the Wedding Party deltek den vesle pingvinen i eit bryllaup med familien sin. Dei besøker nokon som ser ut til å vere ei søster eller annan slektning av enten mora eller faren til Pingu. Ho skal gifte seg med ein grøn pingvin. I bryllaupet møter Pingu ein grøn pingvin på sin alder, som han blir venn med.
På sin koselege og milde måte i tråd med tv-serien Pingu, byr denne kortfilmen på litt spenning, men stort sett uskuldige augeblink som er til å humre av. Den kreative animasjonen og liksomspråket som blir brukt er på sitt vis med på å poengtere dei enkle poenga i større grad enn det ekte tale ville ha gjort.
Dei små detaljane får også ros av Luke Poulton på Letterboxd (letterboxd.com). Han likar at den lengre speletida gir meir plass til Pingu si verd, og trekker særleg fram dei grøne pingvinane. Det passar godt med sjarmen eg finn her. Filmen gir seg tid til små, uskuldige situasjonar der animasjonen får mykje ut av enkle poeng.
