
Piper
Kortfilmane til Pixar er verdt å få med seg. Då det var gått nokon år sidan eg gjorde ein innsats for å få dei med meg, så var blant anna Piper ein no fem år gammal film som eg hadde tilgode.
Dette handlar om ein nyfødd fugleunge. Fuglerasen ungen høyrer til fangar maten sin i fjæra, der bølgene frå havet herjar. I all enkelheit handlar filmen om ungen sitt møte med utfordringa dei store bølgene byr på. Og måten ungen løyser utfordringa på er ganske så fantastisk fin å følge med på.
Pete Kirkpatrick på Pete Kirkpatrick’s Reviews (petekirkpatrickreviews.wordpress.com) rosar både den tydelege utviklinga til fugleungen og dei små visuelle detaljane, som skilnaden mellom våte og tørre fjører. Han meiner meistringa kan kjennast att av både barn og vaksne. Det er mykje av det fine ved filmen for meg også. Ei lita utfordring blir stor nok når me kjem så tett på den som skal klare henne.
Eg kan ikkje anna enn å varmt anbefale deg å sjå denne kortfilmen om du har sjansen.
