Planes - Filmdagbok

Planes 2013

Planes er ein Disney-film som bygger på Pixar sin Cars-franchise. Det er ikkje ein Pixar-film, og var heller ikkje tenkt som ein kinofilm. Men det blei det. Og det blei ein suksessrik ein. Eg innbillar meg at eg merkar at dette ikkje var tenkt som ein kinofilm. Det er ein bra animert sak, men det er ikkje heilt det same nivået som samtidige Pixar-filmar.

Som tittelen så tydeleg skildrar, så handlar det om fly i denne filmen. Nærare bestemt ei fly som blir brukt til å fordele gjødsel over åkrar. Men dette flyet er lei av jobben sin, og drøymer om å drive med kappløp.

Eg hadde nok ikkje dei høgste forventingane til denne filmen, og blei positivt overraska over den gode historia. Ikkje i overkant beigstra slik som eg blei med Cars ein gong i tida, men nok til at eg lot meg underhalde godt i dei 90 minuttane filmen varer.

Eg kan ikkje komme på eit innsal som gjer at eg vil anbefale Planes. Det er ein fornøyeleg film som fungerer best som eit supplement til Cars-universet for min del.