Hopp til hovedinnhold
Plakat for Plastic Bag (2009)

Plastic Bag

Film
3

Plastic Bag er ein kortfilm om ein plastikkpose. Han er laga av Ramin Bahrani, og Werner Herzog har forteljarstemma. Historia er den til platikkposen, fortalt frå ståstaden til plastikkposen.

Me følger posen frå første gongen han blei brukt, til kor han endar opp til slutt. Det er ein interessant liten film på grunn av flotte bilder og ei form for poesi. Det var rolla til Werner Herzog som forteljarstemme som trakk meg til filmen. Og det at det handlar om noko så banalt som ein plastikkpose.

Filmen forsøker å fortelje noko om forsøpling, og eg er einig i at forsøpling ikkje bør skje, og at alle bør rydde opp etter seg for at det skal vere triveleg å ferdast. Og poenget som blir nemnt på slutten er at plastikken bør lagast for å kunne brytast ned. Uavhengig av kva filmen si stemme er, så er han godt laga. Ramin Bahrani har evna å gitt platikkposen liv.

Det finst meir enn eit miljøbodskap i denne posen for Jake Cole på Not Just Movies (armchairc.blogspot.com). Han meiner Werner Herzog si tørre forteljarstemme og dei vakre bileta gjer ferda både morosam og sorgfull, med plass til spørsmål om meining og einsemd. Eg blir òg mest teken av kor levande posen blir. Søppelproblemet ligg der, men filmen fungerer fordi han får oss til å følge eit liv me vanlegvis ikkje ville lagt merke til.