Play It Again, Sam - Filmdagbok

Play It Again, Sam 1972

I Play It Again, Sam spelar Woody Allen den filminteresserte, håplaus med damer, dagdrøymande og nevrotiske Woody Allen. Etter en nyleg skilsmisse prøver vennene hans, spelt av Diane Keaton og Tony Roberts, å spleise han med en ny.

Forutan å ha hovudrolla skreiv Woody Allen manuset til filmen, mens Herbert Ross regisserte. Dette er uvanleg for Woody Allen, og ein type samarbeid han gjorde sjeldan og stort sett tidleg i karrieren. Men resultatet er i stor grad ein typisk Woody Allen-film, i frå karakterar til historie og utføringa av denne.

Play It Again, Sam er ein vittig film, og fortener ein stad mellom tre og fire stjerner av fem totalt. Men han tar aldri heilt av. Sjølv om filmen er eit solid stykke film og godt plassert i filmografien til Woody Allen, så er han ikkje komisk nok, djup nok, dramatisk nok eller fantastisk nok til å føye seg inn blant dei beste.

Likevel er det verdt å anbefale filmen til Woody Allen-fans.