
Ploy
Wit og frua har tatt turen tilbake til Thailand for å delta i ei gravferd. Dei har ikkje det mest knirkefrie forholdet lengre og kranglar i blant for å vise at dei framleis bryr seg om kvarandre.
Når Wit tar turen til hotellbaren møter han den 19 år gamle jenta Ploy. Dei hamnar i samtale, før Wit inviterer Ploy med seg opp igjen på hotellrommet, der kona er. Ikkje for sex, men for å tilby sofaen som ei meir komfortabel ventesone enn baren.
Kona blir sur, og for ikkje å oppsummere andre halvdel av filmen stoppar eg her. Eg klarar ikkje heilt å sette ord på kva som fekk meg til å like filmen. Det skjer ikkje mykje, men det er behageleg å følge med. Eg tenkte mykje på Lost in Translation.
Ploy tar aldri for mykje i og overlet akkurat passe til fantasien.
På AsianMovieWeb (asianmovieweb.com) meiner skribenten at den svært langsame rytmen er med på å skape den fengslande stemninga. Samtidig blir tempoet trekt fram som eit mogleg problem. Omtalen rosar også korleis filmen lar draum og verkelegheit gli saman. Det passar med at eg finn det behageleg å følge med, sjølv om eg ikkje heilt klarar å forklare kva som verkar. Eg treng ikkje eit klart svar på alt for å ha glede av filmen.
