Ploy - Filmdagbok

Ploy 2007

Wit og frua har tatt turen tilbake til Thailand for å delta i ei gravferd. Dei har ikkje det mest knirkefrie forholdet lengre og kranglar i blant for å vise at dei framleis bryr seg om kvarandre.

Når Wit tar turen til hotellbaren møter han den 19 år gamle jenta Ploy. Dei hamnar i samtale, før Wit inviterer Ploy med seg opp igjen på hotellrommet, der kona er. Ikkje for sex, men for å tilby sofaen som ei meir komfortabel ventesone enn baren.

Kona blir sur, og for ikkje å oppsummere andre halvdel av filmen stoppar eg her. Eg finn ikkje heilt fram til å sette ord på det spesifikke som fekk meg til å like filmen, det skjer ikkje så veldig mykje, men igjen er det behageleg å følge med på og eg tenkte mykje på Lost in Translation.

Ploy tar aldri for mykje i og overlet akkurat passe til fantasien.