Pluto's Christmas Tree - Filmdagbok

Pluto's Christmas Tree 1952

Pluto's Christmas Tree er ein kort animasjonsfilm frå Disney, som kom ut i 1952. Filmen er altså over 60 år gammal, og går framleis gongen sin på tv rundt juletider.

Eg er ikkje ein stor fan av Snipp og Snapp, men her er det morosamt å sjå dei i konflikt med Pluto. Og sidan denne kortfilmen har vorte sett så mange gonger før, er det noko med heile den tradisjonsgreia som fungerer.

Ikkje nokon ekstraordinær film, og ikkje den beste av Disney-kortfilmane frå denne perioden. Men han er ein grei liten sak.