
Pocahontas II: Journey to a New World
Oppfølgaren til Pocahontas kom rett på video i 1998. Pocahontas II: Journey to a New World har ei god forteljing og fungerer godt som oppfølgar, men hamnar i skuggen kva gjeld den gode produksjonskvaliteten til forgjengaren sin.
Den første filmen handla om Pocahontas sitt møte med John Smith. I denne filmen følger me ho til England der ho skal forsøke å forhandle fred mellom deira og hennar nasjon. Handlinga i filmen er ganske laust basert på ei reise som den ekte Pocahontas gjorde. Men ganske laust er vel det meste eg kan seie her. Dette er ein film med eit lykkeleg preg og ikkje overraskande ein lykkeleg slutt. Mens den ekte Pocahontas døydde i ein alder av 21 år.
Eg sit ikkje med så mange meiningar om denne filmen merkar eg. Det er vanskeleg å motivere seg til å seie så mykje meir enn at det er ein heilt grei oppfølgar, som har si eiga gode historie å fortelje. Men som hanmnar i skuggen til forløparen Pocahontas.
Retro Oasis (retrooasis.blogspot.com) er langt meir kritisk til oppfølgaren enn eg er. Skribenten meiner både songane og historia er middelmåtige, og at dei komiske dyra tek for mykje plass. Eg godtek forteljinga betre, men deler inntrykket av at animasjonen ikkje når forgjengaren sitt nivå. Kor mykje ein toler dei lette innslaga, avgjer nok mykje for om dette blir ein grei tur vidare eller berre ei svakare gjentaking.
