Ein ung familie blir heimsøkt av spøkelse i heimen sin. Først verkar spøkelsa vennlege, og held seg til å flytte rundt på ting og tang i huset. Det er litt artig i grunn. Så gjer dei ei heilomvending og byrjar å terrorisere familien, før dei går så langt som å bortføre den yngste dottera.
Poltergeist er ein stemningsfull og ikkje altfor skummel grøssar, regissert av Tobe Hooper med støtte frå Steven Spielberg som produsent. Tobe Hooper er nok han av desse to som eg forbind mest med grøssarfilm, med The Texas Chain Saw Massacre. Mens Poltergeist har meir det lette og underhaldande preget som Steven Spielberg har på sine filmar.
Det er artig, litt sprøtt, men til sjuande og sist ikkje heilt i mi gate, og ikkje nok til å blåse meg av bana.