Hopp til hovedinnhold
Plakat for Pontypool (2009)

Pontypool

Film
4

Pontypool er ein zombiefilm utan zombiar. Heile handlinga er lagt til ein radiostasjon i ein kjellar. Dagen startar som vanleg, men på utsida utviklar situasjonen seg etter kvart til å bli eit mareritt. Eit virusutbrot av ein spesiell audiovisuell sort skjer i byen Pontypool der handlinga går føre seg.

Dette er ein lur vri på heile virusvinklinga og den bevisste avstanden til kaoset i byen. Me får berre små inntrykk frå utsida, og på innsida er det frykt og overleving som gjeld.

I ei kort omtale hjå Fred Ut (fredut.wordpress.com) får filmen ros for å gjere tre menneske i eit radiostudio både engasjerande og skremmande, med eit manus som vågar å utfordre sjåaren. Skribenten vil sjå filmen om att for å få tak i nyansane i sjukdommen. Eg likar også korleis avstanden til det som skjer, blir ei styrke. Me må lytte etter faren, medan rommet som vernar personane, stadig kjennest mindre trygt.

Eg tar ikkje i når eg allereie tidleg på året, i januar som det er, går inn for at denne vil hamne på topplista i år.