Som den blaserte filmsjåaren eg er lev eg meg sjeldan inn i film, og animasjonsfilm er det verre med. Gake no ue no Ponyo hadde eg ikkje dei største forventingane til. Dei tre siste filmane frå Studio Ghibli har i meir eller mindre grad glidd kjapt forbi medvitet. Men Gake no ue no Ponyo klarer å vekke meg igjen med magi og mektige naturkrefter, samtidig som han treff med det enkle.
Eg blir sittande og førestille meg filmen gjennom augene til eit barn. All den spenningen og eventyret vesle Sosuke får oppleve. Samtidig treff han så veldig godt mitt innbilte vaksne sinn. Gake no ue no Ponyo er klassisk god Studio Ghibli-film.