Av Andy Warhol med factory girl Edie Sedgwick. Poor Little Rich Girl handlar om heller lite. Den første halvtimen er bilde ute av fokus, og det er heller vanskeleg å få med seg noko bestemt. I den neste og siste halvtimen blir bilde skarpt og Edie Sedgwick held ein samtale med ein venn som sit utanfor bilde.
Opptaka er to lange takingar, samtaleemna er lause. Den einaste staden for innspelinga er ein del av eit rom. Det som er fascinerande med dette enkle og langdryge konseptet er at me kjem sopass tett innpå Edie Sedgwick, som spelar seg sjølv, sjølv om kontakten til kamera aldri er direkte.