Hopp til hovedinnhold
Plakat for Poor Things (2023)

Poor Things

Film
4

Poor Things er regissert av Yorgos Lanthimos. Handlinga følger Dr. Godwin Baxter. Han er ein eksentrisk vitenskapsmann spelt av Willem Dafoe, som arbeider med å bringe folk tilbake til livet.

Prosjektet hans sentrerer seg rundt Bella, spelt av Emma Stone. Bella har fått nytt liv gjennom ukonvensjonell hjernetransplantasjon. Filmen utspelar seg i eit viktoriansk miljø.

Den visuelle stilen i filmen er delikat. Fargerike og vakre scenar filma på godt vis. Spesielle kameravinklar. Ein kvalitet og eit bilete som ser så bra ut at det i stor grad verkar som ekte kulisser, men er så spesielle at eg blir i tvil.

Dei visuelle innfalla blir også framheva av Janet Reinschmidt på Celluloid Menace (celluloidmenace.wordpress.com). Ho ser slektskap med stumfilm, tysk ekspresjonisme og tidlege fargefilmar. Samstundes er ho langt meir kritisk til historia, særleg framstillinga av Bella si seksuelle utvikling som frigjering. Det er eit perspektiv som nyanserer begeistringa mi. Me kan vere samde om at bileta er fascinerande, men oppleve det dei fortel svært ulikt.

Humoren er mørk. Prestasjonene til skodespelarane er solide. Spesielt Emma Stone som gir karakteren Bella djupne og sjarm. Etter å ha sett fleire filmar med ho av Yorgos Lanthimos den siste tida, så er nok kanskje dette filmen ho får vist seg best i.