Hopp til hovedinnhold
Plakat for Populaire (2012)

Populaire

Film
4

Ein skrivemaskinkonkurranse høyrest kanskje ikkje ut som det mest spennande ein romantisk komedie kan finne på. Populaire får det til å fungere for meg. Her blir det noko å heie på også utanom spørsmålet om dei to skal få kvarandre.

Rose Pamphyle (Déborah François) får jobb som sekretær hos Louis Échard (Romain Duris). Han oppdagar at ho kan skrive svært fort på maskin, og bestemmer seg for å trene henne til konkurransar.

Eg likar humoren og sjarmen, og framfor alt er kjemien på plass. Romantikken har noko å bygge på. Samtidig gir konkurransane historia si eiga spenning, slik at ikkje alt står og fell med kjærleiken.

Emma Simmonds er langt mindre overtydd på The Arts Desk (theartsdesk.com). Ho synest verken konkurransane eller den romantiske hovudmannen er særleg engasjerande. Der er me usamde. For meg heng desse delane godt saman, og kombinasjonen treff akkurat den typen romantisk komedie eg set pris på.