Poseidon - Filmdagbok

Poseidon 2006

Eg hadde absolutt ingen vonar til denne filmen, og blei difor ikkje spesielt skuffa når det viste seg at dette var tullball frå ein ende til ein annan.

Det heile opnar med helikopterfoto over skipet Poseidon, eit så reint og falsk dataanimert objekt at eg nesten fekk maten i halsen. Dei første 15 minuttane er berre småsnakk og vås, om kor stort og flott skipet er. Introduksjon til dei folka me kjem til å følge seinare i filmen, og drama som ber preg av at dette er ei nyinnspeling av ein film frå den gangen forholdet mellom ein far og ei dotter kunne vere litt annleis enn i dag.

Så veltar skipet overende på grunn av ei kjempesvær bølge, som mannskapet prøver å køyre langs med, ikkje tvers gjennom. Ikkje at eg veit kva som er best i ein slik situasjon, men eg ville prøve å køyre gjennom ei bølge heller enn å velte med ei, om eg visste at håpet var dårleg.

Når alt var på sitt mest ekstreme her fann eg det forresten meir interessant å pille meg i nasen. Skipet hamnar opp-ned, og gjengen me blei introdusert til samlar seg og legg ut på ei eventyrleg ferd gjennom skipet for å komme seg ut. Det heile er ein einaste opp-nedlabyrint som dei ikkje har særleg problem med å finne fram i.

For kvar nye scene var spørsmålet mitt, kven vil døy eller hamna i seriøse vanskar her. Og kor lang tid vil det ta før dei kjem seg ut av situasjonen. Forsøka på å skape ei klaustrofobisk stemning lykkast ikkje.

Innleiingsvis skreiv eg at eg ikkje vart skuffa, men det var berre løgn for å ikkje slakte filmen før eg hadde skrive meir. Eg blei skikkeleg skuffa, likevel om eg ikkje forventa noko. Det går mot den første filmen på ei stund som eg ikkje vil anbefale på nokon som helst måte, verken som reinspikka spenningsunderhalding eller komedie.