Hopp til hovedinnhold
Plakat for Possessor (2020)

Possessor

Film
3

Possessor er den andre spelefilmen til Brandon Cronenberg. Det har teke åtte år frå Antiviral kom ut til denne kom. Det er mange år, og år blir til forventingar.

I denne filmen handlar det om å innta andre sine kroppar med sitt eige sinn, fjernestyre kroppane og bruke dei til dårlege handlingar. Tasya er hovudpersonen, og har oppdrag kor ho tar over andre.

Me går inn i livet hennar i ein periode der påkjenninga frå jobben byrjar å nå toppen. Slagordet på plakaten er lose control, og måten det skjer på er både brutal for dei pårørande, og visuelt spennande.

Det ser ut som Brandon Cronenberg har valt å utføre mange av effektane på tradisjonelt vis. Rask klypping og overlapping av bilder gir ein heftig effekt i utvalde sekvensar, og det sannsynlege fråveret av dataskapte animerte effektar gir eit større ubehag enn glattpolerte grøssarar ofte gir.

Possessor er ikkje noko høgdepunkt innanfor sjangeren, men er spesiell nok til å bli lagt merke til og kunne la seg underhalde av på grunn av originalitet. Utover det går lite av det som skjer inn på meg, og er heller ikkje så spennande. I forbifarten veit eg ikkje heilt kva eg skal sette fingeren på av manglar, men det heng saman med det å bry seg om karakterane.

Karakterane er også ei innvending på That Film Blog (thatfilmblog.uk), sjølv om omtalen er langt meir begeistra enn eg er. Der blir det peika på at Tasya er mindre utvikla enn Colin, og at avslutninga går for raskt til at følgene får synke inn. Det gjer mi eiga avstandskjensle litt lettare å sette ord på. Dei sterke bileta skaper ubehag, men gir ikkje automatisk same nærleik til menneska som blir ramma.