
Practical Magic
Hekser var eit populært tema på 1990-talet, og det var også Sandra Bullock og Nicole Kidman. I Practical Magic har du alle tre ingrediensane i lag.
Det handlar om to systrer, heksekunst og kjærleik. Dei har også to sprø tanter som bur i same hus. Det store hinderet som gjer romantikken i denne filmen er ikkje heksekunstene åleine, men ei forbanning som fører til at alle menn nokon av dei blir forelska i vil døy.
Magi blir altså brukt til å overkomme dette hinderet, i tillegg til mange andre små og vittige innslag og historier undervegs. Det er fornøyeleg, men det toppar seg aldri. Verken Sandra Bullock eller Nicole Kidman klarar å imponere på sitt beste. Og når det var håpet og grunnen til at eg såg filmen, så hjelp det ikkje på at ingen andre ting er meir enn greitt nok.
Samspelet mellom søstrene er truverdig, meiner Steve Pulaski på Steve Pulaski (stevepulaski.com), men han synest filmen blandar for mange sjangrar utan å få skikkeleg tak på nokon av dei. Eg er mindre negativ til opplevinga, men kjenner igjen at mykje skjer utan at noko verkeleg løftar seg. Sandra Bullock og Nicole Kidman er gode grunnar til å vere nysgjerrig, men namna deira åleine kan ikkje gi filmen det vesle ekstra.
