Practical Magic - Filmdagbok

Practical Magic 1998

Hekser var eit populært tema på 1990-talet, og det var også Sandra Bullock og Nicole Kidman. I Practical Magic har du alle tre ingrediensane i lag.

Det handlar om to søstre, heksekunst og kjærleik. Dei har også to sprø tanter som bur i same hus. Det store hinderet som gjer romantikken i denne filmen er ikkje heksekunstene åleine, men ei forbanning som fører til at alle menn nokon av dei blir forelska i vil døy.

Magi blir altså brukt til å overkomme dette hinderet, i tillegg til mange andre små og vittige innslag og historier undervegs. Det er fornøyeleg, men det toppar seg aldri. Verken Sandra Bullock eller Nicole Kidman klarar å imponere på sitt beste. Og når det var håpet og grunnen til at eg såg filmen, så hjelp det ikkje på at ingen andre ting er meir enn greitt nok.