På veg til Israel var eg eit døgn innom nabolandet vår, Danmark. Ettersom Carlsberg-bryggeriet ikkje er ope på måndagar måtte tida ved siden av besøket i Christiania slåast i hel på kinoen, og moglegheitene avgrensa seg til Sandra Bullock si nyaste romantiske suppe.
Premonition blir aldri meir enn ok. Han er for lang og det er for mykje kliss der. Stemninga er stort sett nervepirrande nok, men det blir aldri det heilt store.
Greia er at dama vaknar opp ein dag og får vite at mannen er død. Neste dag ho vaknar er visst mannen i live igjen. Så må ho finne ut kva som skjer, ved sidan av å styre med sterke kjensleproblem.
Etterforskinga, om du kan kalle det så, treff dårleg. Det blir aldri skikkeleg spennande. Og ein samtale med ein prest midt inni her er meir forvirrande og meiningslaus enn oppklarande og interessant. Filmen blir plankekøyring.