Hopp til hovedinnhold
Plakat for Presto (2008)

Presto

Film
4

Presto er ein av dei mange kortfilmane til Pixar, som ofte blir vist i forkant av deira langfilmar. I denne fem minuttar korte saka hamnar ein tryllekunstnar og kaninen hans i slagsmål på scenen.

Kaninen meiner han blir utnytta, og at tryllekunstnaren ikkje passar godt nok på han. Og dette resulterer i ein morosam konflikt.

Ein av styrkane til filmen, som går igjen i kortfilmane til Pixar, er at dette er eit morosamt poeng og ein komisk vri, som det blir gjort mykje ut av på veldig kort tid. Noko eg er fan av.

Rick DeMott på Animation World Network (awn.com) peikar på korleis vitsane stadig får ein ny vri, samstundes som dei følger logikken på scena. Han meiner timinga og det uttrykksfulle spelet gjer kortfilmen til ei stor komisk glede. Det utdjupar kvifor eg likar dette formatet. Ein enkel konflikt kan bere mykje når kvar reaksjon opnar for neste påfunn.