Pretty in Pink er ein tenåringsfilm frå gullalderen til denne sjangeren som var 1980-talet. Molly Ringwald er eit ikon for desse filmane, og er stjerna i filmen som elles er ganske så stjernespekka.
John Hughes har både regissert og skrive manus til mange av dei beste tenåringsfilmane sidan 1980, og står for manuset til Pretty in Pink.
Filmen er ei klassisk kjærleikshistorie om gut og jente frå ulike deler av samfunnet, som møtes og blir forelska, men som møter ein viss motstand. Jenta (Molly Ringwald) som frå ein normal familie og guten (Andrew McCarthy) som den rike. Det handlar om vennskap, forelsking, musikk, mote, foreldre og meir.
Det som trekk meg mot filmane til John Hughes er evna hans til å formidle enkle, men relevante historier om ungdom. Det blir ikkje tåpeleg, ironisk eller useriøst, sjølv om problematikken i blant er så banal at det skulle vere lett å trakke feil. Eg trur det har med forventingane å gjere, og eit godt manus med gode replikkar og seriøse skodespelarar. Og at filmane er humoristiske og har glimt i auge på dei rette plassane, som avleier meg i frå å leite etter komedie på dei alvorlege plassane.
Tematikken er tidlaus, mens formidlinga er fargerik og prega av stereotypane og kontrastane i samtida. Nettopp denne biten, at filmen så opplagt oppfyller forventingane om korleis 1980-talet var på film, er ei stor greie.
Eg har sansen for musikken, stemninga og fargane. Dette heng i lag med at eg er glad det overdrivne filmatiske, som grensar til det forenkla. For eksempel punktfotografering eller stereotypiske gjengar. I Pretty in Pink er det fleire karakterar og situasjonar som er overdrivne og forenkla.