
Prince Avalanche
Gitt rett tid og humør, kunne Prince Avalanche ha fungert. Kanskje islandske Á annan veg som filmen er basert på fungerte betre? Men Prince Avalanche har lite substans.
Dette er ein film der lite skjer på utsida, mens sinnstemninga til karakterane driv filmen. Ting som har skjedd, eller skjer på utsida av det etablerte miljøet i filmen, er ting me berre høyrer om. Desse er ukontrollerte og påverkande faktorar i liv me observerer.
Filmen kjem seg ikkje djupt nok inn i karakterane. Lite står på spel. Det blir meir å sjå på kva dei driv med enn å føle kva dei slit med.
Nick Chen på Half a Canyon Film Blog (halfacanyon.com) finn derimot mykje varme og humor i det påtvinga selskapet mellom dei to mennene. Han meiner Paul Rudd og Emile Hirsch blandar nærleik med irritasjon på ein måte som får vennskapen til å vekse fram. Eg får ikkje den same kontakten med dei. Dei stillferdige stundene og alt me høyrer om liva utanfor, gir meg for lite kjensle av kva som faktisk står på spel.
