Gitt rett tid og humør, kunne Prince Avalanche ha fungert. Kanskje islandske Á annan veg som filmen er basert på fungerte betre? Men Prince Avalanche har lite substans.
Dette er ein film der lite skjer på utsida, mens sinnstemninga til karakterane driv filmen. Ting som har skjedd, eller skjer på utsida av det etablerte miljøet i filmen, er ting me berre høyrer om. Desse er ukontrollerte og påverkande faktorar i liv me observerer.
Filmen kjem seg ikkje djupt nok inn i karakterane. Lite står på spel. Det blir meir å sjå på kva dei driv med enn å føle kva dei slit med.