Prisoners er ein film eg lenge har tenkt på å sjå. Men han har verka litt tung, så det å finne rette tida å sjå han på har gjort at andre filmar ofte har blitt valt framover Prisoners.
Det handlar om ein familie der dottera blir vekke, og om familien i ettertid. Mest av alt reaksjonen til faren. Ein etterforskar kjem også med inn i bildet, og skal finne dottera. Han har ein eksemplarisk karriere og har løyst alle sakene sine hittil. Men dette blir sjølvsagt ei ekstra hard nøtt.
Prisoners er av typen film du gradvis får ny informasjon, og kan pønske på kven den skuldige er. Det gjer han både spennande og til ein litt aktiv film, til motsetnad frå passive filmar der du får servert innhaldet og ikkje tenker vidare over det.
Filmen er av det seriøse og tankevekkande slaget. Han er ikkje spesielt tung, slik eg trudde i forkant. Men god er han, så dette er ein film du trygt kan sjå når du søker etter krim, thriller og drama av god kvalitet.