
Private School
I heilskap er Private School ingenting anna enn ein overflatisk film utan ei god historie. Men i delar er det nok klisjear, overdrivne romantiske scener, obligatoriske flaue augneblinkar og nakne dusjscener til å plassere filmen perfekt blant tenåringskomedie på 1980-talet. Og så er Phoebe Cates med.
Alt i alt er Private School verre enn godt nok. Det er langt i frå god komedie, og dei fleste scenene kjennest som krav frå ein eller annan investor.
Eg kan likevel ikkje la vere å bli underheldt, om ikkje meir enn litt. Eg har ei svakheit for tenåringskomediar, spesielt dei frå 1980-talet.
Nokre få latterar er også nok til å gi eit visst utbytte i den korte omtalen på Wonders Blunders or Somewhere In Between (wondersblundersorsomewhereinbetween.wordpress.com). Skribenten finn lite komedie mellom all nakenheita, men let seg likevel underhalde. Eg er strengare med heilskapen. Samstundes er det nettopp noko ved denne enkle sjangeroppskrifta som gjer at eg ikkje klarar å avvise filmen heilt.
