Project X er ein dryg film som stadig toppar mine forventingar. Dette er hovudårsaka til at eg gir filmen den høge rangeringa 4/5, trass i at historia er tynn.
Det handlar om nokon ungdommar som går inn for å stelle i stand ein god fest. For å bli kjente på high school. Av ulike grunnar. Ryktet om festen spreiar seg, og han blir større enn forventa. Og stadig større. Og stadig villare.
Det er ikkje så mykje meir å skrive om Project X. Det er stort sett dette filmen har gåande for seg, men det er nok, og det er både artig og vilt. Og eg likar det.