
P.S.
Laura Linney glødar i ein elles middelmåtig film.
Som fan av That '70s Show har eg av og følgt med dei ulike skodespelarane sine aktivitetar i filmar dei siste årene. Ettersom fleire av dei involverte ikkje er all verda å skryte av i andre roller enn som ungdom anno 1970-talet, har eg over tid dreia fokuset inn på stort sett Topher Grace og Ashton Kutcher.
Ashton Kutcher har spelt i mykje drit, men vist i eit par filmar at han kan trå i blant. Topher Grace har spelt i langt færre filmar, gjerne også i mindre roller. Sjølv om det har gått veldig seint framover trur eg han har ei større framtid i filmverda enn Ashton Kutcher.
Rolla Topher Grace spelar mot Laura Linney i P.S. er litt flat, men dette kjem heller av manus og slikt enn skodespelaren. Filmen tar årsakene til det som skjer, for gitt. Etter kvart prøver han å hente seg inn igjen. Det skjer på ein klumsete måte som ikkje går heilt heim hjå meg. Fram til dette punktet var han i det minste ein grei film om ei vakker kvinne på 39 år som har hamna i ein monoton livsrytme som ser ut til å plage ho litt.
Etter kvart prøver filmen å gi møtet mellom henne og den unge kunstnaren, spelt av Topher Grace, ei djupare meining. Det får meg til å stille spørsmål ved det som har skjedd. Eg synest mykje av det berre blir teit.
Det som verkar klumsete for meg, blir opplevd som meir tillitsfullt på Ian Smith’s UK DVD Review (ukdvdreview.blogspot.com). Omtalen rosar at filmen ikkje forklarer alt, og at Laura Linney og Topher Grace kan bere det usagde mellom seg. Likevel fell ikkje heilskapen heilt på plass der heller. Eg saknar ei meir overtydande behandling av premissen, men er samd i at Laura Linney tilfører mykje meir enn historia åleine gir grunnlag for.
Så var det Laura Linney. Ho er perfekt i rolla si og tilfører så mykje ekstra her at eg ikkje kan unngå å like filmen når ting skal vegast. Det er inga overdriving å seie at Laura Linney er filmen her. Skryt må også gå til regissøren Dylan Kidd som har klart å overføre bilde av kvinna Laura Linney portretterer frå det manusforfattar og forfattar bak romanen filmen, Helen Schulman, står for. Men så var det alt det andre med filmen som ikkje heilt fungerer i lengda.
