Psycho - Filmdagbok

Psycho 1960

I Psycho får me sett den legendariske scena med ei kvinne som blir stukke med kniv bak eit dusjforheng.

Dette er berre ein liten del av den psykologiske thrilleren til Alfred Hitchcock. Som handlar om ei kvinne som stel pengar frå klient på jobben. På rømmen tek ho inn på eit motell, som blir drifta av ein ung og kjekk mann som blir dominert av mor si.

Opphaldet på motellet tek etter kvart ei vending mot det verre, og ingenting er som det ser ut som.

Psycho er ein spennande film som lev opp til klassikarstatusen sin. Eg har sett nok av filmklipp og referansar til filmen før, så å få sjå opphavet i samanheng gjorde alt så mykje klarare.