Pulp Fiction er den mest kjente filmen til Quentin Tarantino og filmen han sannsynlegvis vil bli hugsa for. Det er ikkje min favoritt, men ein god film uansett.
Det handlar om livet til to leigemordarar, ein boksar, ei gangsterkone og eit par menn som ranar ein kafe. Felles er at alle fire historiene fokuserer på vald.
Pulp Fiction er ein dryg og valdeleg gladfilm. Det er innanfor å kalle filmen typisk Quentin Tarantino, då han som filmskapar har ein stil og enkelte grep som han gjentek på tvers av filmane sine. Filmen er ein hyllest til filmformatet og bestemte sjangrar. Det er ingen enkel referansefilm, for Quentin Tarantino viser at han kan gjere inspirasjonen til sitt eige resultat.
Grunnen til at dette ikkje blir topp er fordi eg rett og slett ikkje lar meg interessere noko av verken handling eller historie.