Hopp til hovedinnhold
Plakat for Pumping Iron (1977)

Pumping Iron

Film
3

Denne legendariske dokumentarfilmen følger ei gruppe kroppsbyggarar i tida før Mr. Olympia og Mr. Universe i 1975. Blant dei minneverdige stundene i filmen er alle intervju med Arnold Schwarzenegger.

Filmen følger også fleire, blant anna den andre kjente skodespelaren Lou Ferrigno.

Det er eit innblikk i kroppbyggarkulturen på den tida, både i stader, livsstil og mentalitet. Og det er heile sett saman som ei oppbygging mot konkurranse. Med andre ord i klassisk sportsfilmstil.

Pumping Iron er ei fornøyeleg sak, rett og slett fordi han består av så mange artige karakterar.

Barry P. på Cinematic Catharsis (cinematiccatharsis.blogspot.com) meiner personlegdomane gjer kroppsbygginga interessant også for dei som ikkje er opptekne av sporten. Arnold Schwarzenegger får ros for karismaen, medan Mike Katz gir filmen ei meir sår side. Det er denne variasjonen som gjer vegen mot konkurransen fornøyeleg. Me følger både musklar og menneske, og det siste er minst like viktig for at eg skal bry meg om det første.