Hopp til hovedinnhold
Plakat for Punch-Drunk Love (2002)

Punch-Drunk Love

Film
4

I starten var filmen stressande, mykje på grunn av musikken og alle tinga som skjedde samtidig, men og kjensla av at eg ikkje fekk med meg noko handling.

Denne kjensla følgde meg gjennom store delar av filmen, og det at filmen verkar tom for substans.

Robert Beames på Beames on Film (beamesonfilm.blogspot.com) meiner musikken og dei overlappande røystene tvingar oss inn i kjenslene til Barry. For han er den ytre historia tynn, medan det filmatiske uttrykket ber innhaldet. Det gir eit interessant perspektiv på stresset eg kjende. Eg fekk ikkje heilt tak på kva som låg bak, men sat stadig klar til å kome djupare inn. Kanskje er det nett denne ventinga og uroa omtalen vil at eg skal lese som sjølve opplevinga.

Eg kan også bruke ordet psykotisk om hovudpersonen i mange av situasjonane, men fekk ikkje heilt grepet på kva som feila han. Eg vil seie at filmen var ganske bra fordi han fangar merksemda mi og eg sat heile tida klar til å kome endå djupare inn i handlinga til filmen.