
Puss in Boots
Katten Puss in Boots er ein som blei kjent i Shrek-filmane. Med Puss in Boots har han fått sin eigen film.
Her blir med kjent med opphavet til katten, og blir med på eit eventyr han legg ut på i vaksen alder. Antonio Banderas har stemma til katten. Salma Hayek har stemma til ein motspelar.
Stemninga og stemme gir dette eit preg av meksikansk western. Det er stilig, og i tillegg er humoren så absolutt på plass. Puss in Boots er 90 minuttar med god moro. Eg har ikkje sett filmen før no, fordi eg ikkje likte Shrek-filmane så godt. Men denne går dei ein høg gang.
Stefan S på (A Nutshell) Review (anutshellreview.blogspot.com) finn òg meir liv her enn i dei seinare Shrek-filmane. Han meiner humoren kjem naturleg, medan stemmene gir både stil og kjensler til karakterane. Det stemmer godt med kvifor denne fungerer betre for meg. Katten får eit eige eventyr, og den leikne tonen gir filmen nok særpreg til å stå på eigne bein.
Vil du har god og morosam animasjon, så treff denne.
