
Qi jian
Når Qi jian runda av fekk eg plutseleg lyst til å sjå Bonanza, noko som etter alle desse åra ville ha ført til eit stort vonbrot. Ved vidare ettertanke kan dette komme av at når filmen her gjorde seg ferdig, så var det eit eller anna som traff meg på ein måte resten av filmen ikkje klarte.
Qi jian er ein litt klumsete film, som i rotete og uoversiktleg, eit minus som det ikkje er til å komme unna. Det blir for mange ansikt og namn på ein gong, eit problem som blir verre for meg når det gjeld asiatisk film, noko eg synest vil vere tullete å legge skjul på.
Uklarheita er òg sentral for Hemanth Kissoon på Filmaluation (filmaluation.com). Han meiner dei sju krigarane glir over i kvarandre fordi filmen gir dei for lite personlegdom og bakgrunn. Det er eit meir konkret problem enn at namna og ansikta er uvande. Når eg ikkje får tak i kva som skil personane eller driv dei framover, hjelper det lite at sjølve sverdslåstinga går raskt og smidig.
Eg klarar aldri å leve meg inn i filmen, og bryr meg lite om korleis dei sju sverdkjemparane møtes og slåst i lag. Sjølve sverdslåstinga er jo fin, rask og smidig. Dette saman med ei litt trist scene der dei må sleppe laus noko hestar, er det einaste som gjer inntrykk. Litt rart med tanke på kva filmen eigentleg handlar om.
Filmen heiter Seven Swords på engelsk.
