Tre menneske i kanindrakter, ein kameravinkel og trykkande musikk med tonar av lokomotiv blir til 42 minuttar med Rabbits. Dei tre personane snakkar usamanhengande om ting som godt mogleg kan ha ei meining om du flyttar rundt på setningane.
Deler av tida er oppteken av stille stunder, innslag av latter og applaus frå publikum på boks. Det gir assosiasjonar til situasjonskomedie, men det betyr ikkje komedie, men heller absurd snakk.
Undervegs blir me vitne til eit par forrykande framsyningar av lys. Den ekle stemninga som pregar filmen blir forsterka opp i mente. Dette er nær det mest spesielle eg har sett nokon gang. Kvifor eg lét meg imponere er ei gåte, eg forstod ingenting av dette. Har du sett Inland Empire så har du sett kaninane.