
Rad
BMX verkar kult. Sykkelsekvensane i Rad har ingen problem med å få fram dette. Underdog-en Cru sin kamp for å komme seg fram blant dei beste BMX-utøvarane i landet gir òg filmen ei stemme og eit formål.
Måten Rad til dei grader spelar på den ein gong veksande interessa for BMX er i seg sjølv artig å følge med på.
Limet som held alt saman, skodespelet som er grunnlaget for handlinga, dei enkle og ikkje fullt så effektive sekvensane som utgjer den viktige utviklinga i filmen, er berre med på å stadfeste dette som ein fenomenfilm utan solid botn.
Som tidskapsel får filmen mykje velvilje på Review-O-Matic (review-o-matic.com). Omtalen legg ikkje skjul på den tynne historia og dei resirkulerte sportsfilmgrepa, men finn glede i heile kulturen rundt syklinga, musikken og dei overdådige innslaga. Det er ikkje så langt frå mi oppleving av fenomenfilmen. BMX blir framleis kult på lerretet, sjølv om handlinga som skal føre oss fram til neste sykkelsekvens, ikkje har like mykje å stå på.
