Ulike radiominner som kjente songar frå barndommen til Woody Allen, familien sitt forhold til radioen parallelt med historier om kjendisar utgjer denne kompilasjonen av fleire lause historier.
Woody Allen sit bak mikrofonen i Radio Days som forteljarstemma mens ein ung Seth Green spelar Woody Allen som barn, her gitt namnet Joe. Vandrehistorier, sladder og eigne minner dannar grunnlaget for ei nostalgisk tidsreise. Woody Allen nyttar også filmen til å dyrke musikksmaken sin, då det finst mange songnummer her. Sjølv brukte eg ei god stund på å komme inn i rytmen til filmen som eg aldri finn meir enn akkurat passe god, men stemningsfull.