Ei skildring av historia mellom Charlie og den eldre, delvis tilbakeståande, broren Raymond frå dei møtes første gang og gjennom ei veke på biltur frå Cincinetti til Los Angeles.
Med Dustin Hoffman og Tom Cruise, typisk musikk frå 1980-talet og ei nesten rørande historie på 133 minuttar, har Barry Levinson, sist aktuell med Man of the Year, klart å skape ein av dei mest populære filmane det tiåret.
Personleg tykkjer eg at filmen er god, men også at han blir for lang. Raymond (Dustin Hoffman) blir for slitsam og Charlie (Tom Cruise) kjøper eg ikkje heile vegen, men det går.