
Ralph Breaks the Internet
I denne oppfølgaren til Wreck-It Ralph drar Ralph ein tur på internett for å få tak i ein del til ei øydelagt spelmaskin i spelhallen der hans eiga maskin står.
Filmen inneheld ei fargerik og fantasifull visualisering av internett sett frå innsida av teknologien. Mange av vitsane har enkle poeng som bygger på ting du kan finne på internett. Som eBay, reklame, dataspel og så vidare.
Det er ein solid produksjon. Filmen ser fin ut, manuset gir meining, men det er litt enkelt. Sånn sett trur eg heller dette er ein artigare film å sjå om 20 år, som eit tilbakeblikk til ein bestemt del av tidsalderen til internett.
Den første filmen var ingen klassikar. Og det er ikkje denne heller. Mens den første handla om å bryte seg ut av tillagt rolle, så handlar denne om det same, berre for ein annan karakter enn Ralph. Det gjer sitt til at eg ikkje får inntrykk av at filmen tar meg vidare til noko nytt. Berre det same gamle i ny innpakking.
Behovet for ein oppfølgar er heller ikkje opplagt skriv The Film Blog (thefilm.blog). Omtalen finn fargar og mange vitsar, men meiner referansane ofte erstattar innsikt og originalitet. Den varme avslutninga får meir ros. Eg opplever også ein film som fungerer der og då, utan at den nye innpakkinga gir meg særleg mykje nytt.
Det er ein spenstig animasjonsfilm der og då og som går greitt ned, men som ikkje gir stor rom til ettertanke eller bli hugsa.
