Rambo - Filmdagbok

Rambo 2008

12.7, pistol, maskingevær, machete, pil og boge. Rambo er til tider blodstraumar på sitt beste, men er det alt?

Det har gått 20 år sidan Rambo III, Sylvester Stallone er blitt 62 år gammal utan at det skal legge dempar på noko. Som John i Rambo-filmane har han trekt seg tilbake til grenseland mellom Thailand og Myanmar, livet som eks-soldat har sete djupe spor som ikkje har forsvunne trass dei mange årene i dekning.

Den fjerde filmen, som har fått den enkle tittelen Rambo tar seg god tid innleiingsvis til å forklare korleis alt ligg an. Med militærregimet i Myanmar på sitt verste, John sitt forhold til menneske og krigføring og ting som skal bygge opp under actionbiten alle ventar på. Aktualisering av undertrykkinga som sivile i Myanmar står overfor og har gjort i 60 år overraska meg då eg hadde forventa ei tynn og tanketom historie. Den brutale behandlinga av desse folka slo i mot meg tidleg, i motsetning til dei seinare delene av filmen, då John har kontrollen, får eg berre lyst til å trykke meg lagt ned i setet.

Actionfilm på rekning av ei faktisk konflikt? Det er godt mogleg. Eg har ingen problem med det då meir enn ein god film har utnytta triste historier.

Eg var altså innstilt på å gjere Rambo til ei god kinooppleving og ingenting kunne stoppe meg. Etter den nydelege Rocky Balboa i fjor forventa eg at Sylvester Stallone igjen skulle lage noko som var verdig den første filmen i serien. Rambo når ikkje opp til First Blood, men hamnar på ein trygg andreplass.

Når kulene byrjar å regne og John får vise kva han kan, var det ikkje berre eg som uttrykte stor begeistring og fascinasjon for delte menneskekroppar. Med unntak av ein eksplosjon midt inni har eg ingenting å utsette på gangen. Sylvester Stallone spelar på styrkane sine, bokstaveleg talt, og gjer dette til ein sjangerbevisst soldatmassakre som er retta mot 18 år og oppover.

Filmen som så godt, i mine auge, aktualiserte den geografiske plasseringa si og kom med mange gode, om enn veldig kyniske ord, endra seg drastisk etter kvart altså. Dette var forventa, og at historia druknar litt bort mot slutten har eg ingen problem med, starten gjorde nok ut av dette.

Med sine 90 minuttar seier det seg at me ikkje kan forvente den lengste avsluttinga. Personleg synest eg den effektive slutten var både sentimental og filmserien verdig i mykje større grad enn den opne slutten til Rambo III.

Rambo gjorde altså susen for meg under den fullstappa kinopremieren. Han innfridde på action, ikkje minst, og hadde ei flott oppbygging som passa John betre enn bygging av kloster Rambo III. Alt sett ut i frå auger som veldig mykje var klar over kva John Rambo på film inneber og ikkje har problem med det.