- Filmdagbok

Rampage

Eg hadde ingenting i mot Rampage. Når eg vil ha ein lett og underhaldande actionfilm, så leverer stort sett alltid ein film med Dwayne Johnson.

Forstå meg rett, dette er ikkje ein fantastisk film. Men han er artig som han er. Viss du vil sjå store monster som slåst i ein by, og forårsakar mykje kaos undervegs, så er dette filmen for deg. Viss du forventar noko så bra og originalt som Pacific Rim, så blir du nok skuffa.