Ran - Filmdagbok

Ran 1985

I denne filmen av Akira Kurosawa, som alle med respekt for seg sjølv veit kven er, følger me (Great) Lord Hidetora Ichimonji og dei tre sønene hans i ein periode etter Hidetora har trekt seg tilbake og overlet makta til den eldste sonen. Ran betyr på japansk kaos, og står som ei god skildring på kva som skjer etter maktskiftet.

Ran er den første Akira Kurosawa-filmen eg har sett. Eg har skyvd han til nedst på prioriteringslista mi over filmar, mest på grunn av lengda. 160 minuttar kan ved feil tidspunkt bli for mykje, men dette var ein fornøyelse når eg kom i gong.

Skodespelet, sterkt inspirert av Noh – ei japansk form for teater – består av mykje sminke for å få fram ansiktsuttrykk og kjensler, samt stor bruk av kroppsspråk. Det er vel verdt å legge merke til spesielt dei to rollefigurane Hidetora og Lady Kaede.

For den meir interesserte kan det vere greitt å nemne at Akira Kurosawa har blitt inspirert av King Lear av William Shakespeare.