
Random Hearts
Random Hearts fører saman Harrison Ford og Kristin Scott Thomas i ei litt sprø historie, med mykje roleg drama og kjensler.
Sjølv om utgongspunkten og tilfeldigeheitene er litt sprøtt, har eg ingen problem med å godta det som eit premiss. Karakterane kan vere direkte, men dei viser så gode sider av seg at det blir ein interessant film.
Etter litt over ein halvtime var filmen komen til det punktet eg tenkte han skulle avslutte ved. Så eg tenkte kva no? Men det var så godt driv vidare med god historieforteljing at før eg visste det så var det berre minuttar igjen.
Harrison Ford er flink og stabil i filmen. Men det er Kristin Scott Thomas eg let meg imponere mest over. Den rolege og ærelege framtoninga ho får fram i kongresskvinna ho spelar er fantastisk.
Dei to karakterane står saman etter å ha oppdaga svik og tap. Dei må finne ut av seg sjølv og kvarandre. Mens livet går vidare rundt dei med krevjande situasjonar.
Regissør Sydney Pollack lar stemninga få leve sitt eige liv. Det som skjer rundt er viktig, enten det er snakk om valkamp, politi eller korrupsjon. Men det er går ikkje utover det menneskelege fokuset.
Politihistoria kan opplevast ganske ulikt. MaryAnn Johanson på FlickFilosopher (flickfilosopher.com) meiner at korrupsjonssporet trugar med å overskugge hovudhistoria, og tykker at filmen er treg. Der er eg ikkje samd. For meg får omverda leve rundt dei to utan å ta frå dei plassen. Men innvendinga gjer det tydeleg kor mykje vurderinga avheng av om me blir fanga av den rolege stemninga.
Det er ikkje livleg underhalding, men noko som gjer at eg sit att og tenker litt. Perfekt om du vil sjå noko nært og truverdig om å kome seg til hektene etter at ei alvorleg hending har kome overraskandepå deg.
