Rare Exports - Filmdagbok

Rare Exports 2010

Rare Exports baserer seg på ein kortfilm som regissøren Jalmari Helander laga i 2003, om tre finske jegerar som jaktar på ein vill julenisse.

Ein stad i Finland, like ved grensa til Russland, skal ein eldre amerikansk mann endeleg få oppfylle barndomsdraumen sin om å møte julenissen. I skjul grev han eit hol i toppen av fjellet Korvatunturi, der julenissen ifølgje finsk legende held til. 23 dagar seinare bryt helvete lause i område rundt fjellet.

I hovudrolla er den vesle guten Pietari. Han er den første av dei lokale som skjønnar kva som har skjedd på fjellet, men han blir ikkje trudd. Då alle reinsdyra i område er funnen døde skulder dei vaksne på ulvar. Då elektriske apparat byrjar å forsvinne skulder dei vaksne på russarane. Gjennom Pietari stakar filmen seg ut ei retning som hintar mot, men aldri avslører, kva som vil skje.

Rare Exports tar seg tid til å fortelja om mytane om den finske julenissen. Små detaljar og hendingar her og der er viktige, og Jalmari Helander viser at han kan god historieforteljing på film. Han veit å ikkje vise for mykje og halde på spenningen og gjere publikum nysgjerrige. Det fungerer godt og filmen har heile tida har noko å komme med. Samtidig bygg det seg gradvis opp mot eit klimaks lengre uti. Og utan å røpe noko bestemt, så innfrir klimakset.

Mørketid, snø på bakken og i lufta set meg litt i julestemning. Karakterane i filmen er dessutan aldri anna enn peparkaker. At juletida òg kan vere ei trist tid då me minnast dei som har forlate oss, er noko Rare Exports så vidt viser at han er klar over, utan å gå vidare inn på tema.

Mest av alt er Rare Exports morosam, spennande og aldri kjedeleg. Han heng seg heldigvis ikkje opp i dei mange små detaljane, men veit at det er oppbygginga og framgangen i filmen som er viktig.