Ratatouille - Filmdagbok

Ratatouille 2007

Ratatouille er utan tvil eit briljant stykke animasjonsfilm frå Disney og Pixar. Ei rotte med sansen for kokkekunst i mat- og restaurantmekkaet Paris viser seg å fungere godt på film.

I botnen aner eg typiske Disney-ingrediensar og moral, men oppbygginga er fersk nok og tempoet friskt, sett forbi ein liten og kjedeleg bit midt i filmen. Eit utval jakt til beins-sekvensar sit som spikra og er favorittdelane mine frå filmen.

Sjarmen og humoren er skrudd på maks. Alt i alt endar dette opp som min andre favoritt Pixar-film ved siden av Cars, og er ein sterk kandidat til å bli min personlege animasjonsfilmfavoritt i år. Denne må sjåast.